Utvikling

Utviklingsgruppa tel 7 personar og har ansvar for utvikling av nye elektroniske tenester som blir lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Våre utviklarar er med frå idefasen til ferdigstilling og publisering av nye tenester på internett.

Eit fellestrekk for utviklingsgruppa er at tenestene vi utviklar blir gjort tilgjengleg på internett. Utviklingsgruppa har tenester som har levd i 10 år med stadige forbetringar og nye tekniske løysingar, men og tenester som blir utvikla for lansering for første gong.

Våre oppdragsgivarar er departement og direktorat og vi jobbar tett med andre fylkesmenn i ulike ide- og prospektfasar.

Vi har god dialog med andre utviklingsmiljø både lokalt og nasjonalt for å dekke eit breitt spekter av teknologiar.

Utvikling..

Vi har ein god miks av høgt utdanna utviklarar med brei erfaring frå offentleg og privat verksemd. Har du kompetanse på java, .net, XML eller SQL?

Ta gjerne kontakt med meg!

Frank Hofslundsengen, gruppeleiar

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.