Prosjekt

Vi er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn og tilhøyrer eit fylkesmannsembete som er leiande på IT- og IKT-utvikling. 

FMSF har drifts- og utviklingsansvaret for portalen til alle fylkesmannsembeta i Noreg, fylkesmannen.no. Ved sidan av dette ansvaret har vi ei rekkje spennande digitaliseringsprosjekt på gang. Mellom anna digitaliserar vi skilsmisser!

IKT-seksjonen leiar prosjektet som skal føre fram til eit digitalt separasjonsskjema. Når to ektefellar går frå kvarandre, har det så langt vore ein prosess med papirskjema, underskrifter og innsending av attestar. Regelverket for separasjon og skilsmisser skal vere det same, men målet er å ta i bruk digital kommunikasjon. Det digitale separasjonsskjemaet skal hente inn opplysningar som alt er lagra i det offentlege, mellom anna informasjon om namn, adresse og born. Skjemaet hentar også inn kontaktinformasjon frå kontaktregisteret hjå Direktoratet for forvaltning og IKT.

– Vi kan ikkje garantere at skilsmissa blir meir smertefri, men prosessen skal bli enklare – både for ektefellane og for saksbehandlarane, seier prosjektleiar Jørgen Tistel.

Det digitale separasjonsskjemaet vil krevje litt meir enn eitt tastetrykk frå den som ønskjer å avslutte ekteskapet, men søknadsprosessen skal bli enklare. I tillegg vil den heildigitale søknadsprosessen gje færre feil i innleverte opplysningar, noko som vil korte ned saksbehandlingstida hjå fylkesmannen.

Vi har mange andre spennande oppdrag for ulike offentlege etatar. Justisdepartementet, Kulturdepartementet, Miljødirektoratet, Sysselmannen og sjølvsagt Kommunal- og Moderniseringsdepartementet er nokre av våre oppdragsgivarar.

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.