Om Fylkesmannen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal arbeide for at nasjonale vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp.

Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Vi utfører oppgåvene våre gjennom saksbehandling, rettleiing, tilsyn og utviklingsarbeid. I tillegg skal vi vere ein utviklingsaktør innan landbruk, bygdeutvikling og modernisering av offentlegsektor.

Dei tilsette hjå Fylkesmannen tek ansvar for for oppgåver knytt til 
  • helse og sosial
  • kommunal forvaltning
  • samfunnstryggleik
  • miljøvern
  • barn og familie
  • utdanning og barnehage
  • landbruk (Landbruksavdelinga er lokalisert i Førde)
  • samordning og utvikling
  • kommuneøkonomi

Fylkesmannen..

..er ein spennande arbeidsstad og ein god skule. Her kan du få brei erfaring og gode kunnskapar om offentleg forvaltning.

Visjonen vår er å vere ein ressurs til beste for innbyggjarar, samfunn og livsgrunnlag.

Velkomen skal du vere!

Anne Karin Hamre, Fylkesmann

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Kontakt oss

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Statens hus
Njøsavegen 2
6863 Leikanger

Telefon 57 64 30 00
Telefaks 57 65 50 55
Epost fmsfpost@fylkesmannen.no