Møt Eskil!

Med familietilknyting til Kaupanger var det naturleg for Eskil Nøtesjø å slå seg ned i Sogn. Jobb fann den svenske IT-eksperten hjå Fylkesmannen på Leikanger.

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Svensk ingeniør i norsk IT-miljø

Med seg frå Sverige har Eskil ei praktisk retta IT-høgskuleutdanning, med spesialisering i data, telekom og programmering. I botn har han den svenske utdanninga «Gymnasieingeniør», ei fireårig teoretisk utdanning på vidaregåande nivå.

Nettopp den praktiske tilnærminga til oppgåveløysing kjem godt med i jobben på Statens Hus. Nøtesjø er gruppeleiar for driftsgruppa, som har ansvar for ei stor mengde serverar med tilhøyrande infrastruktur

Vi har drifts- og hostingansvar for trippelnettet (EpiServer) til alle landets fylkesmenn, og vi har eit tett samarbeid med Fylkeskommunen på ulike felt innan IT-infrastruktur, seier Eskil.

I tillegg driftar gruppa IT-løysingane til fylkesmannsembetet sine om lag 120 medarbeidarar lokalisert på Leikanger og i Førde.

Digital motorveg ut i verda

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har også delteke i internasjonale prosjekt gjennom EØS-samarbeidet, og Eskil Nøtesjø har vore fylkesmannsembeta i Norge sin mann her.

Jobbe med oss?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ein spennande arbeidsplass med om lag 120 tilsette med variert bakgrunn og kompetanse.

Generell info om ledige stillingar hjå Fylkesmannen finn du her..

Slik kjem det også internasjonal erfaring IT-seksjonen til gode. Og sjølv om det alltid vil vere trong for litt reising, kan mesteparten av bidraget inn i desse samarbeidsprosjekta gjerne utførast frå Leikanger:

-Folk trur kanskje vi sit på ISDN her på vestlandet, men faktum er at vi har ekstremt raske fiberlinjer inn på huset her, seier han, og gler seg over den hypermoderne IT-infrastrukturen som er bygt på Leikanger og elles i regionen.

Kontakt oss

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Statens hus
Njøsavegen 2
6863 Leikanger

Telefon 57 64 30 00
Telefaks 57 65 50 55
Epost fmsfpost@fylkesmannen.no