Gjer som Robert, kombinér jobb og fritid i Sogn.

Robert Jakob Tellvik var lei av kvardagens kjas og mas i storbyen Stockholm, draumen hans var å leve eit aktivt friluftsliv. Då han møtte ei jente busatt i Sogndal, var han ikkje tung å be. Planen var å bu i Sogn ein kort periode, men hell i kjærleiken, flott natur og ein god og fleksibel jobb hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane førte til endring i planane.

Første møte med Norge

I dag bur Robert i Sogndal kommune. Han arbeider som utviklar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og trivst godt med det. Men vegen fram mot dette var lang for svensken.
Historia til Robert startar med ei 4-­årig utdanning på den matematikkdatalogiske linja ved Stockholm Universitet. Før han rakk å starte på masteroppgåva fekk han jobb som IKT­utviklar i Stockholm. Han takka ja, og jobba eit halvt år før han innsåg at eit liv prega av stillesitting på eit kontor ikkje var noko for han. Robert søkte om permisjon og reiste til Lofoten på folkehøgskule for å leve ut draumen om klatring og skikøyring. Det var her han traff sognejenta si. Etter endt folkehøgskule returnerte han til Stockholm for å fullføre mastergrada. Med ei fullført utdanning i bagasjen flytta Robert til Sogndal for å gje kjærleiken ein sjanse.

Friluftsglad utviklar i Sogndal

I Sogndal byrja han på ei bachelorgrad i friluftsliv, og seinare pedagogikk. Ei skade i kneet gjorde at han ikkje kunne arbeide innan friluftsliv. Ein kollega fortalde at Fylkesmannen søkte etter ein utviklar. Robert stilte på intervju og fekk jobben.

Hjå Fylkesmannen jobbar Robert med webutvikling. Han har mellom anna laga prosjektsider, intranettet, samt ulike webtenester.

– Hjå Fylkesmannen har eg fleksibel arbeidstid og kan enkelt kombinere jobbkvardagen med familie og friluftsliv. Eg startar ofte tidleg på jobb slik at eg kan ta med meg borna mine på tur om ettermiddagen, seier Robert, som rosar miljøet på arbeidsplassen sin.

– Det er ein kjekk arbeidsplass med mange flotte menneske. Det er god stemning på kontoret. Eg var usikker på om eg kom til å trivast i utviklaryrket etter erfaringa eg gjorde meg i Stockholm, men her har eg mange artige og spanande arbeidsoppgåver. Samtidig kan eg leve ut draumen om eit aktivt friluftsliv i den vakre naturen i Sogn og Fjordane.