Fylket og regionen

Hovudkontoret vårt er i Leikanger i Sogn. Landbruks­avdelinga vår ligg i Førde i Sunnfjord. Regionane Norfjord, Sunnfjord og Sogn har urbane handelssentrum, varierte kulturtilbod og eit av dei beste oppvekstmiljøa i landet.

Leikanger har vel to tusen innbyggjarar. Vel 20 minuttar køyring frå Leikanger finn du regionsenteret Sogndal, med sine vel sju tusen innbyggjarar, med eit par tusen studentar og skulelevar i tillegg gjennom skule- og studieåret.

Til saman utgjer Leikanger og Sogndal ein smeltedigel av offentlege tenester, utdannings- forskings- og utviklingsmiljø. I dei andre sognekommunane står særskild landbruk, reiseliv og andre typar næringsliv og industri i fokus.

I regionen vert det snakka om at her er èin felles bu- og arbeidsmarknad, då mange pendlar til og frå dei ulike kommunane.

Vil du vite meir om framtidsfylket Sogn og Fjordane? Ta ein kikk her:

Kontakt oss

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Statens hus
Njøsavegen 2
6863 Leikanger

Telefon 57 64 30 00
Telefaks 57 65 50 55
Epost fmsfpost@fylkesmannen.no