Forvaltning

Forvaltingsgruppa har ansvar for opplæring, brukarstøtte og testing i ulike fasar av prosjektgjennomføringa.

Gruppa består av tre faste personar i seksjonen, supplert av fem personar frå andre avdelingar hjå Fylkesmannen.

Gruppa driv med internkursing av alle våre tilsette og har ei sentral rolle i utvikling av nye tenester.

Forvaltingsgruppa har ansvar for kundestøttesystemet hjå Fylkesmannen, og gir brukarstøtte internt og eksternt i høve dei ulike systema som er utvikla og drifta på Leikanger. Testing og kvalitetsikring høyrer også til ansvarsområda til gruppa.

Forvaltningsgruppa..

…dekker fagleg sett eit stort område, og yter service til eigne tilsette, sentrale myndigheiter, andre fylkesmenn og brukarar av våre elektroniske tenester for innbyggarane.

Ta gjerne kontakt med meg!

Solfrid Helvik, gruppeleiar

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.