Drift

Driftsgruppa sine fem tilsette har ansvar for all intern drift for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men og viktige oppgåver med landsdekkande tenester for sentrale myndigheiter og på tvers av fylkesmannsembeta.

Fylkesmannen si driftsgruppe er med i IT Forum og har eit breitt samansett kompetansefelt frå lærling til erfarne nettverkspesialistar. Vi har godt samarbeid med DIFI og fylkeskommunen om nettverk, innkjøp og serverdrift.

Driftsgruppa jobbar tett med utviklingsgruppa i alle fasar av nye prosjekt og lanseringar.

Gruppa har nyleg hatt ansvaret for investering i ny lagringsløysing.

Driftsgruppa..

…er den største driftseininga i alle fylkesmannsembeta, og har ansvaret for nærare hundre serverar med tilhøyrande infrastuktur.

Ta gjerne kontakt med meg!

Eskild Nøtesjø, gruppeleiar

IKT-seksjonen…

…er ein del av eit stort IT – miljø i Sogn, og vi har eit breitt nettverk både i regionalt og nasjonalt.
…tel 15 tilsette med ulik erfaring og kompetanse. No ønskjer vi oss fleire kollegaer.
…har gode arbeidstilhøve med fleksibilitet, gode sosiale ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø.